Sarkofag

Arrangør: Jone Aareskjold, Kaia Aardal
Tid: 25.-25.02.06
Sted: Kristiansand Kanonmuseum eller ein mindre pretensiøs stad
Setting: Nåtid/Nær fortid
Antall deltakere: 15
Mer informasjon: Sarkofag

I det andre året Jensen-Friele-regjeringa rådde i Noreg kom Ragnarok i form av kjernefysisk krig. Storparten av verdsens folkesette område vart gjorde om til ei eldmørje, og giftig nedfall og fimbulsvinter er det einaste ein kan venta seg frametter.

Nokre få menneske kom seg i ly i eit tilfluktsrom. Diverre er tilfluktsrommet ikkje av det slaget som kunne halde dei trygge til dess verda utanfor ikkje er livfarleg. Ein har berre fått ei utsetjing.

Kva gjer ein når natta senkjer seg for siste gong i eins eige liv og i menneskeætta si historie: Les Bibelen, skriv dikt, søker kjærleik eller drikk champagne?

Kva meiner ein at ein sjølv og andre som er til stades har hatt i høve til å framskunda eller freista å avverga verdsens ende?

Dette vert ein stemningslaiv, og stemninga vert ei utan ytre håp. Laiven tek sikte på å vera utan ytre styrte plott, utan overnaturlege element av noko slag, og utan vald som ikkje er avtala mellom dei involverte spelarane og med arrangørane.

Det vil vera ynskeleg med nokre rollar som representerer det gode gamle "military-industrial complex" og nokre som ikkje gjer det, nokre rollar som har andelege/religiøse overtydingar, og nokre som ikkje har det.