I grenseland
Arrangør: Kaia Ingeborg Aardal
Tid: juni 2002
Sted: Tregde, Mandal
Setting: Middelalder, low fantasy
Deltakere: 10
Omtale av laiven "I grenseland" ("Den vesle flyktninglaiven", "Ein fin tur")
av Kaia Aardal
Det er urolege tider i grenseområdet mellom Enea og Borea. Ei lita gruppe menneske er på flukt. I skogen truer grensepatruljer, og varulvar lurer overalt. Den einaste sjansen flyktningane har, er å stole på ein grenselos som skal hjelpe dei på den farefulle ferda.
Men er han verkeleg det han gjer seg ut for å vere...? Om natta blir teltet omringa av varulvar, og grenselosen luskar vekk frå leiren. Men neste dag er han tilbake, og ter seg tilsynelatande som vanleg. Men kontakta som dei skulle møte, er sporlaust borte. Dei finn berre den rivne kappa hans og delar av provianten...!
Flukta går vidare gjennom eit vakkert eventyrlandskap, og alle kjem fram til dei heilage holebuarane på den andre sida av fjellet. Den kloke kona nektar å stole på desse skumle skikkelsane, og brukar kunstane sine for å teste dei ut. Det viser seg at dei er fredelege folk, og ikkje skumle menneske-etarar...
Desse var med:
Ei gravid kronprinsesse
Livvakta hennar
To skumle sektmedlemmer
Eit skogens barn
Ein grenselos med skjulte sider
Ei klok kone
Dottera hennar
To heilage holebuarar
I grenseland var ein enkel og billig laiv der eg som arrangør valgte ein ganske tilbakelent stil. Eg ville legge kostnadane så lågt som mulig, så folk sørga for mat på laiven sjølv. Dei betalte berre for maten på afterlaiv/debriefing. I tilleg fekk dei varm suppe den andre kvelden. Folk hadde stor grad av fridom og ansvar, noko eg synest dei fleste takla bra. Halvparten av deltakarane var fyrstegangslaivarar, men mange av dei har holdt fram med laiv etter dette.
Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur... ;)
![]()